Om overgrep, urett og hemntankar.
Ei ung kvinne er misbrukt. Den unge mannen går fri. Og når rettsvesenet ikkje strekk til, tar andre opp jakta på rettferd.
Noko skrekkeleg har hendt ei ung kvinne i Inste indre. Den Unge Mannen som har gjort det, går fri, som dei fleste andre. Korleis leve vidare når rettferd ikkje skjer?
I Eadnemáddu skal vi til Vardø, staden som markerer Noregs austgrense. Lenger kjem ein ikkje. Utanfor er berre ishavet. Vardøhus festning er frå 1300-talet, bygd i eit arktisk landskap utan tre. Unntaket er rogna som er planta på festninga og som kvart år blir pakka inn for vinteren. Den fyller tjue år, og det må feirast. For å skape bulyst og lys i husa i Vardø blir det halde ein heil festival for rogna.
Den unge mannen får jobben som prosjektleiar for festivalen. Men i skuggane lurer noko. Noko som har jaga han ut hit, til det ytste ytre. Han kan ikkje kome seg lenger.
Hemnen
I Eadnemáddu har dramatikar Siri Broch Johansen konstruert eit ord som ikkje er i bruk i det nordsamiske språket, men som likevel har sterke konnotasjonar til kjente mytologiske figurar. I samisk mytologi har alle dyr ei máddu, ei stammor. Om du plagar eit lite dyr, vil dyrets stammor hemne seg på grufullt vis. Eadne-máddu er alle mødrer si stammor. Ho hemnar seg på vegner av alle døtrer og søner som nokon plagar. Kanskje er det mange som treng ei Eadnemáddu her i landet?
Pia Maria Roll har regi på Eadnemáddu. Scenografi og kostymer er ved Márjá Karlsen, Hege Pålsrud og Raisa Porsanger. Komponist er Anders Rimpi. På scenen står Sara Margrethe Oskal, Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell, Niklas Gundersen, Kirsti Stubø og Joachim Rafaelsen.
Det Norske Teatret har med Eadnemáddu sitt første produksjonssamarbeid med eit samisk friteater.
Dato: 24.11.2022
Siste speledato: 06.12.2022
Originaltittel: Eadnemáddu
Scenespråk: Norsk
Produksjonstype: Samarbeid
Samarbeidspartnar: Beaivvas
Skodespelar : Kirsti Refseth
Skodespelar : Niklas Gundersen
Skodespelar : Joachim Rafaelsen
Skodespelar : Sara Margrethe Oskal
Skodespelar : Ole-Henrik Bjørkmo Lifjell
Regi : Pia Marie Roll
Scenografi / kostymer : Hege Pålsrud, Márjá Karlsen, Raisa Porsanger
Komponist : Ánndaris Rimpi
Dramaturger: Pia Marie Roll, Kai Johnsen, Anders Hasmo
«Eadnemáddu» er en begivenhet
Klassekampen
sterk og kunstferdig framsyning om overgrep
NRK
«Eadnemáddu er en spennende, ubehagelig, og tankevekkende forestilling. Broch Johansens tekst er både harmdirrende og sår, og regi og scenografi gjør at både humoren flyter godt og at det gjør vondt der det skal» Scenekunst.noScenekunst.no